Jubileumskonsert – HILME 60 år!


Jørn Hilme-stemnet er 60 år i år. Ulike trendar, straumar og personar har prega stemnet gjennom seks tiår. Dansen har gått jamt på Valdres folkemuseum og tradisjonane har vore dyrka, reindyrka og leikt med. I denne konserten er det historiske innblikk, filosofiske refleksjonar, eminente dansarar og reinspikka spelemenn som kjem på podiet.

Døgeniktane Ådne Kolbjørnshus og Vetle Springard utgjer ein av dei raude trådane saman med eit stjernelag av musikarar og dansarar.

Framsyninga er produsert av Jørn Hilme-stemnet.

Det blir også utdeling av Haldor Røynes ærespris.

VELKOMNE!

 

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Torsdag 9. juli kl. 19.00
Slutt: Torsdag 9. juli kl. 20.00
Stad: Kulturhuset, Fagernes
Pris: 300 kr, inkluderer inngang på museet torsdag kveld