Gjertruds Sigøynerorkester har sidan slutten av 80-talet spesialisert seg på sigøynarmusikk frå Aust-Europa og er det leiande sigøynarmusikkensemblet i Noreg i dag.
Foto: Pressefoto
Mykje skil dei reisande sin musikk frå vår eigen, men mykje er også likt. Kanskje det meste. Her er sterke lengslar, såre tonar, endelaus melankoli – og heftig og bestemt rytmikk. Sigøynarmusikken har i seg villskapen og det blikstille vatnet.
Gjertruds Sigøynerorkester har tileigna seg musikk i direkte møte og samarbeid med musikarar i Budapest i Ungarn, og samarbeider fast med Ernest Bangó, ein av Ungarns fremste cymbalistar. Musikken hentar inspirasjon og er ein miks av så mykje: kunstmusikk og populærmusikk, jazz og ikkje minst folkemusikk. Gjertruds Sigøynerorkester har turnert over store delar av Noreg og i Ungarn, dei har delteke på festivalar i inn- og utland og gjeve ut sju CD-ar.
Gjertruds Sigøynerorkester blir til under kunnig leiing av Gjertrud Økland.
Medverkande – i tillegg til Økland:
Georg Reiss, klarinett
Tom Karlsrud, akkordeon
Pål Thorstensen, bass
Trond Villa, fiolin
Helene Waage, cello
Gjertruds Sigøynerorkester er støtta økonomisk av Norsk kulturråd.