Framsyning: «Óme»


Óme viser til den døyvde lyden i etterklangen.

Foto: Lise Olin

Korleis fyller fela rommet så det ómar, og kva heng att når dansen trør dette vidare?

Silje Onstad Hålien og Sivert Holmen utforskar klang, bevegelse, møtepunkt og brytningspunkt mellom musikk og dans, og mellom dansar og musikar. Eit folkemusikalsk uttrykk møter samtidsstraumar i ei detaljrik framsyning.

Silje Onstad Hålien er frå Vang i Valdres og bur i dag i Oslo. Ho er dansar, koreograf og kunstnarisk leiar for Villniss og Mamelukk dansekompani. Sivert Holmen kjem òg frå Valdres. Han har gjeve ut og medverka på fleire plater: Sumarmorgon kom ut i 2015, saman med Bjørn Kåre Odde. I 2021 gav han ut soloplata Jotunheimen. I år bidreg han på plateutgjevinga til Spelemannslaget til fremjing av møsagrodde låttar.

Framsyninga er medprodusert av Jørn Hilme-stemnet, Førdefestivalen og Riksscenen, og støtta økonomisk av Norsk kulturfond.

Medverkande:
Silje Onstad Hålien - dans, koreografi
Sivert Holmen - musikk, komposisjon
Kari Anne Vadstensvik Bjerkestrand - kunstnarisk rettleiing

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Laurdag 15. juli kl. 20.30
Slutt: Laurdag 15. juli kl. 21.30
Stad: Festsalen/Valdres Folkemuseum/Fagernes