Framsyning: «Livmødre»


Kva blir halling på kvinnevis?

Foto: Vegard Breie

Kvinnekroppen endrar seg i naturleg syklusar kvar månad, og gjennom store overgangar som det å bli mor. Fem kvinnelege dansarar utforskar korleis desse overgangane kan tematiserast i hallingtakt. Er det mogeleg å uttrykke noko av det mest kvinnelege som finst, gjennom ein dans som alltid har vore utvikla på menns premissar? Gjennom kreativ prosess rundt menstruasjon, eggløysing og graviditet leitar dansarane etter nye måtar å danse på. Danseframsyninga er eit rått og ærleg bilde av korleis det er å vera kvinneleg hallingdansar. Og kanskje er det ein ny type tradisjonsdans som kjem ut på andre sida?

«Livmødre» var ein nyproduksjon i 2022, i samproduksjon mellom Riksscenen og produksjonsnettverket Sprang.

Medverkande:
Dansekompaniet Mamelukk
Anita Vika Langødegård
Brigitte Halldis Hegge Blomlie
Selma French Bolstad
Silje Onstad Hålien
Silje Risdal Liahagen
Solveig Hårdnes
Solveig Wang

KJØP BILLETT »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Måndag 10. juli kl. 19.00
Slutt: Måndag 10. juli kl. 20.00
Stad: Kulturhuset/Fagernes
Pris: 300 kr