Eit folkemusikalsk uttrykk møter straumane i eit improvisert scenespråk. Kva får vi då?
Foto: Lise Olin
I «Differens» utforskar dansaren Silje Onstad Hålien og felespelaren Sivert Holmen ulikskapen, møtepunkta og brytningspunkta mellom dans og musikk og mellom musikar og dansar. Framsyninga handlar om møte mellom menneske, om einsemd, om nyfikna og ulikskapen mellom oss.
Silje Onstad Hålien er frå Vang i Valdres og bur i dag i Oslo. Ho er dansar, koreograf og kunstnarisk leiar for Villniss og Mamelukk dansekompani. Silje er barn av Jørn Hilme-stemnet og folkemusikken i Valdres. Ho har stått på scena på Jørn Hilme-stemnet fleire gonger og er kjent for framsyningar som «Livmødre», «101 hattar å sparke før eg døyr», «Årstidene», «Dei gamle er eldst», «Reglebein Reglebein», «Danse, sa fela» og «Pøbel i pels». Silje er (førebels) einaste kvinne som er kvalifisert for A-klassa i halling. Ho er utdanna ved Den norske balletthøgskole og Dance New Amsterdam i New York.
Sivert Holmen kjem frå Valdres og er ein framifrå spelemann på hardingfele. Sivert spelar vare lydarlåttar der tida nesten stoppar opp, og springarar ein umogeleg kan stå stille til. Dette er kjernen i uttrykket hans. Sivert er òg ein merittert spelemann og har motteke Fureprisen (2016), Øivind Berghs minnepris (2017) og er kåra til årets unge folkemusikar (2015), saman med Bjørn Kåre Odde. Sivert har gjeve ut og medverka på fleire plater: Sumarmorgon kom ut i 2015, saman med Bjørn Kåre Odde. I 2021 gav han ut soloplata Jotunheimen. I år bidreg han på plateutgjevinga til Spelemannslaget til fremjing av møsagrodde låttar.
Konserten er medprodusert av Jørn Hilme-stemnet, Førdefestivalen og Riksscenen, og støtta økonomisk av Norsk kulturfond.
Medverkande:
Silje Onstad Hålien
Sivert Holmen
Kari Anne Bjerkestrand, kunstnarisk rettleiing