Føredrag om gammetufter


Visste du at det finst restar etter fleire gammetufter på Rensenn, ikkje langt frå Jaslangen?

Buplassen på Rensenn har vore i bruk i fleire omgangar gjennom store delar av jarnmellomalderen, men har vore lite kjent. Den samiske historia i Sør-Noreg passa dårleg med dei nasjonale forteljingane om forhistoria vår og vart i lang tid ignorert og oversett. I motsetnad til dei fastbuande hadde samane eit mobilt levesett og sette att etter seg små og nesten umerkelege spor i landskapet.

Jostein Bergstøl frå Kulturhistorisk museum i Oslo har arbeidd mykje med den samiske forhistoria i Sør-Noreg og vil seie meir om dette – og om gammetuftene på Rensenn. Under føredraget viser Bergstøl to gammetufter som er anlagt oppå eldre smieplassar. Gammetuftene på Rensenn er rekna som dei sørlegaste samiske buplassane i landet.

Føredraget på Rensenn byrjar klokka 16.00 og varar til klokka 17.00. Etter føredraget blir det guida tur med Arne Ødegaard til Jaslangen – før konserten med Mari Boine.

Føredraget er i regi av Jørn Hilme-stemnet og Ingebjørg Moe.

Kva: Føredrag om gammetuftene på Rensenn
Når: Klokka 16.00 til 17.00
Kvar: Rensenn

Konsertar
Start: Tysdag 12. juli kl. 16.00
Slutt: Tysdag 12. juli kl. 17.00
Stad: Rensenn
Pris: Gratis!