Fagernes–Beito tur-retur med guide Kjellbjørn Karsrud og Jan Beitohaugen Granli.
Foto: Eva Karlsson
Spelemennene Jan Beitohaugen Granli og Kjellbjørn Karsrud har samanlagt brukt over eit halvt hundreår på å leite i alle krikar og krokar etter tradisjonsstoff frå Valdres. I år inviterer dei på kulturhistorisk busstur til spelemannsheimar i Øystre Slidre. Kor budde Jørgen Sagahaugen, Guri Hegge og Andris Dahle?
Jan Beitohaugen Granli frå Øystre Slidre har gått i lære hjå ei mengd felespelarar i Valdres, mellom andre Trygve Bolstad og Harald Røine. Etter mange år som kulturskulelærar på hardingfele i Valdres har han vendt nasen til Volda. Her arbeider han som lærar i kulturskulen og som gardbrukar. Kjellbjørn Karsrud er frå Leira i Valdres, og er i dag busett i Lom. Han er eit levande folkemusikkleksikon med oversikt over det meste av låttar og spelemenn. Til dagleg jobbar han som lektor i filologiske fag ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule.
Medverkande:
Jan Beitohaugen Granli
Kjellbjørn Karsrud