«Fjellet taler» – Raumyrdansen


Konsert med John Ole Morken og Steinar Strøm. Slåttar og forteljingar med rot rundt Norefjell.

Norefjell har vore ein viktig del av folkelivet gjennom tidene. Særleg om sumaren var det til tider yrande folkeliv på fjellet. Stølane låg på rekkje og rad i skogbeltet med beiteområde opp mot snaufjellet. 

Fjelldansane vart eit samlingspunkt både for stølsfolket og folk frå bygda. Raumyra var ein av desse dansarplassane der folk frå Sigdal, Eggedal, Krødsherad og Hallingdal møttest. I tillegg til dansen, kappast dei om kven som hadde den raskaste hesten, kven som var den sterkaste slåsskjempen eller den beste spelemannen.

Men i 1858 vart det siste året for fjelldansen på Raumyra. Eit kraftig uvêr slo til midt i festen, som neppe var av det beskjedne slaget. Uvêret og den overstadige rusen gjorde at tre menneskje mista livet på fjellet denne sommernatta. Ein av dei var spelemannen Kittil Haraldsen Langebakke. Han var sakna i nesten to månader før han vart funne.

Det var etter denne fjelldansen at diktarpresten Jørgen Moe heldt den kjente preika: «Fjellet taler», som konserten har henta tittelen frå.

Konserten til John Ole Morken og Steinar Strøm vil ha fokus på folkeliv, tru og overtru og musikken som vi finn i bygdene under Norefjell.

John Ole Morken (f. 1979) er komponist, plateprodusent og folkemusikar frå Ålen, busett på Åmot i Modum. John Ole har gjeve ut soloalbumet Slåtter fra Hessdalen, Haltdalen og Ålen (2008), ei plate han vart nominert til Spellemannsprisen for. Han har også medverka på fleire plater og gjeve ut fleire bøker og notehefter. I 2012 medverka han i Den fjerde nattevakt ved Den norske opera & ballett. Han er ein mykje brukt pedagog ved Ole Bull Akademiet, fekk Holtålen kommunes kulturpris i 2002, og har hatt Statens kunstnarstipend. Har dei siste åra vore å høyre i Folkemusikktimen på NRK P2.

Steinar Strøm (f. 1968) er komponist og folkemusikar frå Sigdal. Han har gjeve ut soloalbumet Blåmåndagen (2014) og medverka på fleire andre produksjonar. Steinar har vore ein aktiv folkemusikar med tradisjon særleg frå Sigdal og Krødsherad. Steinar fekk spelemannslaget Vårlengts spelemannspris i 1991, og var festivalmusikar på Noregs ungdomslags stevne i 2013. Han har dei siste åra hatt samarbeid med musikarar utanfor folkemusikken.

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Laurdag 11. juli kl. 23.00
Slutt: Sundag 12. juli kl. 00.00
Stad: Flatigarden, Valdres Folkemuseum
Pris: Arrangementet inngår i kveldsbilletten for laurdag.