Driv III


Framsyning av talentprogrammet til Strunkeveko.

Foto: Cathrine Dokken

Med kunnig rettleiing frå folkedansaren Silje Onstad Hålien og musikaren Andreas Skeie Ljones skal ei gruppe ungdommar frå Strunkeveko produsere og framføre ein konsert med dans og musikk. Her får ungdommane jobbe gjennom heile veka og lære seg kva som fungerer for publikum, korleis ein byggjer opp ei framsyning – både kunstnarisk og på andre måtar – og mykje anna. Driv III er eit framhald av Driv I frå 2019 og Driv II frå 2021. Vi gler oss til å sjå kva dei dyktige ungdommane får til!

Billett til framsyning med Driv III gjev tilgang berre til framsyninga. Ynskjer du å få med deg resten av sommarkvelden på Valdres Folkemuseum, kan det løne seg å kjøpe kveldspass. Det gjer du her!

Medverkande:
Ungdommar på Strunkeveko
Silje Onstad Hålien
Andreas Skeie Ljones

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Laurdag 16. juli kl. 16.00
Slutt: Laurdag 16. juli kl. 17.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 200 kr