Direktørens stølsvandring


Laling er ein lokketeknikk brukt frå gamalt, ofte på stølane sumarstid når budeiene lokka dyra heim frå beite. Laling kunne også brukast som kommunikasjon mellom folk over større avstandar. Bli med museumsdirektør Ole Aastad Bråten på stølsvandring på leit etter både laling, langeleikspel og sjelero!

Karin Lindström Kolterud er tradisjonsberar etter bestemor si, Anne Rundberg, som kom frå Etnedal. Karin er fødd og bur i Sverige der ho arbeider som lærar i folkesong og laling, eller kulning, på svensk.

Bli med til støls!

Med denne billetten har du tilgang til alle arrangement på museet utover kvelden. 

Hugs gode sko! 

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Laurdag 11. juli kl. 16.30
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 18.00
Stad: Valdres folkemuseum. Oppmøte i museumsresepsjonen.
Pris: 300 kr. Inkludere alle arrangement på museet laurdag kveld.