Dansekonsert: Thov Wetterhus / Kenneth Lien / Anders E. Røine


Pusten og handa forvandlar metallet til tonar og takt. Dirrande stålfjør, kontrollerte, kjappe rørsler. Har du ikkje dansa til munnharpespel, har du sjansen no.

Foto: Knut Utler

Velkomen til dansekonsert med dei fremste munnharpespelemennene i landet!

På Hilme er det dans på 1000 golv. I dei gamle stovene kan du høyre spel frå mange dalføre, og du kan kaste deg utpå om du føler for det. Erfaren eller heilt fersk. La deg rive med i dei taktfaste stega. Kjenn varmen frå menneska som driv rundt i den same rytmen som deg sjølv. By opp til dans, eller ta handa som byr deg opp. I det sosiale samværet i dansen møtest menneske på tvers av ulike føresetnader. I det kroppslege nærværet med dansepartnaren din lærer du deg å ta omsyn, og å vise omsorg for eit anna menneske. Dessutan er det godt å verke saman med andre menneske! Velkomen, gamle og nye dansarar.

Medverkande:
Thov Wetterhus
Kenneth Lien
Anders E. Røine

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Laurdag 15. juli kl. 23.55
Slutt: Sundag 16. juli kl. 01.00
Stad: Slidrehuset/Valdres Folkemuseum/Fagernes