Dansekonsert: Spelemannslaget til fremjing av møsagrodde låttar


Nytt liv i møsagrodde låttar!

Foto: Bjørn Nylander

Spelemannslaget til fremjing av møsagrodde låttar er eit spelemannslag med dei fremste hardingfelespelarane i Valdres. Det er kjent for å rote i arkiva etter gamle låttar og for å puste nytt liv i gløymde tradisjonar. Laget starta opp i 2014 og har éi målsetjing for året, og det er å øve inn to nye låttar til Landskappleiken.

I vår gav dei òg ut si fyrste plate. For å få fram det breie spekteret i Valdres-tradisjonen har dei teke i bruk eit nytt felestille for kvart år. På den nye plata kan du høyre 18 låttar på ti ulike felestille etter 12 forskjellige kjelder. Det må no nærme seg ein eller annan verdsrekord for spelemannslag sin del!

Velkomen på konsert og dans!

Medverkande:
Frank Henrik Rolland
Jan Beitohaugen Granli
Jørgen Andrisson Kvam
Kjellbjørn Karsrud
Magne Olav Selland
Mari Ormberg
Ragnhild Opedal Biribakken
Sindre Tronrud
Sivert Holmen
Syver Rolandsgard Hauge

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Fredag 14. juli kl. 22.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 23.00
Stad: Slidrehuset/Valdres Folkemuseum/Fagernes