Dans og konsertar heile kvelden


Gå ikkje glipp av ein sumarkveld på museet. Denne fredagen kan du få med deg saftig dansespel, intime konsertar, aktivitetar for dei minste, mat, drykk og god kok i telta. 

Vi kan lokke med dansespel av ypparste kvalitet, ungdomsframsyning, semifinale i INTRO-folk, moro i Småfolk-teltet og dansespelkonsert med fandenivoldsk munnharpespel.

Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i landet med fleire hundre gamle hus og bygningar. På museet kan du vandre frå stove til stove og oppleve gamaldans og bygdedans frå ulike distrikt. I lyset frå flakkande stearinlys kan du høyre landets beste spelemenn og -kvinner og sjå dans som får dei gamle tregolva til å huske. Nett desse inntrykka er noko av det som gjer Jørn Hilme-stemnet unikt, annleis og som lokkar publikum tilbake år etter år.

Billetten gir også inngang til juniorkappleiken på museet kl. 16.00.  

Velkomen – med og utan dansesko!

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Fredag 10. juli kl. 19.00
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 01.00
Stad: Valdres folkemuseum
Pris: 250 kr