Anne Hytta og Telemark kammerorkester - Brigde Letene


Festkonsert: «Brigde letene» med Anne Hytta og Telemark kammerorkester. 

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Alt er i rørsle, men av og til ynskjer vi stoppe tida og stå stille på terskelen. «Brigde letene» handlar om nettopp dette – om stille augneblinkar og ville straumar, og overgangen mellom desse.

Folkemusikar Anne Hytta har komponert verket «Brigde letene», og saman med strykarar frå Telemark kammerorkester flettar ho hardingfela inn i nye lydbilete. Her møtest nye klangar inspirerte av fargane i folkemusikken, i svingande finurlege og hjartesyngande melodiar. Musikken kviler i eit umerkeleg og mediterande klanglandskap, og vidare nedover elveleiet, som sterke straumar. Men oppe ved vasskiljet – på kanten øvst og lengst borte – der står alt framleis stille.

Brigde er eit gamalt norsk ord som betyr endring, omlaging, og verbet å brigde betyr å endre. I folkemusikken har brigde vore brukt om overgangar mellom tema i låttane. Brigde letene betyr å endre fargane og er skrive spesielt til Jørn Hilme-stemnet. Musikken følger opp albumet Brigde med Anne Hytta og Telemark kammerorkester, som vart framført fyrste gong på Riksscenen i 2019, og som kjem med plate til hausten.

Anne Hytta er prislønt hardingfelespelar og komponist frå Sauland i Telemark, som arbeider både med det tradisjonelle folkemusikkrepertoaret og med nyskriven musikk. Ho fekk Spellemannprisen i 2015 og 2017 for platene Short stories med trioen Slagr og for soloplata Strimur. I 2018 vart ho kåra til Årets folkemusikar. Telemark kammerorkester er eit profesjonelt strykeensemble, etablert i 1992. Musikarane kjem frå heile landet og arbeider med fleire prosjekt og nyskriven musikk.

Medverkande:
Anne Hytta, feler
Telemark kammerorkester, diverse strykeinstrument

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Torsdag 14. juli kl. 18.00
Slutt: Torsdag 14. juli kl. 19.00
Stad: Kulturhuset, Fagernes
Pris: 350 kr