Velkommen til kappleik i Amfiet på Valdres Folkemuseum.
Foto: Anne-Marte Før
Påmelding til kappleiken skjer her!
Den fyrste kjente tevlinga i folkemusikk vart arrangert i 1881 i Ål i Hallingdal. Det var laget Hallingluren som stod som arrangør. Det var fyrst og fremst dei eldste instrumenta ein ønskte å tevle i, mellom anna lur og bukkehorn. 141 år seinare held vi fram med kappleik for dei eldste instrumenta – i tillegg til lokk og lagdans.
Har du lyst til å delta, men ikkje er medlem i FolkOrg, kan du sende ei påmelding direkte til tevlingsleiar Marianne Trøyflat: marianne.gt@gmail.com | 988 18 871
Det blir sett opp startliste i løpet av torsdag 14. juli, og ho blir publiserte på nettsida og på Facebook.
For seniorar kostar det 200 kr å delta, for junior og rekrutt er prisen 100 kr. Strunkeelevane deltek gratis.
Velkomen på kappleik!