Lagdans og finalespel


Laurdagskvelden blir, tradisjonen tru, sparka i gang av ein heidundrandes gjeng med danselag som fyller scena med kraftfull dans, før ein gjer seg klar for det nervepirrande finalespelet. Dei tre deltakarane frå dagens tevlingar med best poengsum, uansett klasse, skal tevle mot kvarandre om gjæve premiar, heider og ære. Ordførar Knut Arne Fjelltun og museumsdirektør Ole Aastad Bråten er stødige og munnrappe programleiarar. 

Etter kappleiken blir det markering ved Hilme-steinen der festivalen starta i 1960. Musikk, marsipankake og kaffi blir servert, gratis for deg som tek med eigen køpp og talik.   

Ein triveleg og familievenleg start på sumarkvelden! 

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre dette arrangementspunket, men du lyt løyse ut billett til laurdagskvelden på museet. Hugs å møte opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.

KJØP BILLETT »

Kappleik
Start: Laurdag 11. juli kl. 18.30
Stad: Amfiet, Valdres folkemuseum
Pris: Publikum løyser laurdagsbillett til museet. Deltakarar går inn gratis.