Kappleik rekrutt og senior


Kappleik – ei konsertoppleving utanom det vanlege.
Kappleiken på Hilmestemnet er sjølve rosina i pølsa. Denne kappleiken er blant dei største i landet og her møtest alle generasjonar for tevling og trivsel. Som publikum får du ei konsertoppleving med sjeldan breidde, frå dei ferske rekruttane til gamle ringrevar og dei heitaste namna i miljøet. 
Klassane rekrutt og senior går av stabelen laurdag i kulturhuset på Fagernes, medan lagdans og finalespel finn stad i Amfiet på Valdres folkemuseum laurdag kveld. Premieutdelinga foregår sundag kl. 14.00.
Vil du melde deg på kappleiken? Påmeldinga opnar 1. juni. Les meir her. 

KJØP BILLETT »

Kappleik
Start: Laurdag 11. juli kl. 10.00
Stad: Kulturhuset, Fagernes
Pris: 200 kr