Kappleik junior


Juniorkappleik med HURRA-faktor. Når juniorane skal vise seg fram, går det ikkje stille for seg. Dette er ein publikumsmagnet der dagens talent møter entusiastiske tilskodarar.
Kappleiken på Hilme er sjølve rosina i pølsa. Denne kappleiken er blant dei største i landet. Her møtest alle generasjonar frå heile landet for tevling og trivsel.
Juniorklassane går av stabelen fredag kl. 16.00 på Valdres Folkemuseum. Klassane rekrutt og senior startar laurdag frå kl. 10.00 i Nord Aurdal kulturhus. Lagdans og finalespel finn stad ute laurdag kl. 18.30 på Valdres Folkemuseum. Premieutdelinga foregår sundag kl. 14.00.
NB! Det krevst ikkje eigen billett for kappleiken, men du lyt løyse ut billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møte opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.
Vil du melde deg på kappleiken? Påmeldinga opnar 1. juni. Les meir her. 

KJØP BILLETT »

Kappleik
Start: Fredag 10. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 18.00
Stad: Festplassen, Valdres folkemuseum
Pris: 250 kr