I over 60 år har kappleiken på Jørn Hilme-stemnet vore ein viktig del av festivalen.
Foto: Cathrine Dokken
Påmeldinga skjer her (ikkje opna enno)
Du kan melde deg på heilt fram til siste kappleiksdag laurdag 15. juli. Har du lyst til å delta, men ikkje er medlem i FolkOrg, kan du sende ei påmelding direkte til tevlingsleiar Marianne Trøyflat: marianne.gt@gmail.com | 988 18 871. Startlister blir publisert etter kvart.
For seniorar kostar det 200 kr å delta, for junior og rekrutt er prisen 100 kr. Strunkeelevane deltek gratis. Gratis inngang for alle publikummarar!
Seks dommarar dømmer i alle klasser med utgangspunkt i FolkOrg sitt dommarskjema. Dei med høgast poengsum – uavhengig av klasse – går vidare til finalespel. Vinnaren her tek med seg 10 000 kr, medan andre- og tredjepremie er på 5 000 kr og 2 000 kr.
Kappleiken har totalt ni klasser.
- Open klasse
- Eldre folkemusikkinstrument
- Halling
- Hardingfele / vanleg fele
- Pardans
- Samspel av alle slag
- Toradar/trekkspel
- Vokal
- Lagdans
Velkomen på kappleik!