Kappleik for juniorar


I over 60 år har kappleiken på Jørn Hilme-stemnet vore ein viktig del av festivalen.

Foto: Cathrine Dokken

Påmeldinga skjer her (ikkje opna enno)

Du kan melde deg på heilt fram til siste kappleiksdag laurdag 15. juli. Har du lyst til å delta, men ikkje er medlem i FolkOrg, kan du sende ei påmelding direkte til tevlingsleiar Marianne Trøyflat: marianne.gt@gmail.com | 988 18 871. Startlister blir publisert etter kvart.

For seniorar kostar det 200 kr å delta, for junior og rekrutt er prisen 100 kr. Strunkeelevane deltek gratis. Gratis inngang for alle publikummarar!

Seks dommarar dømmer i alle klasser med utgangspunkt i FolkOrg sitt dommarskjema. Dei med høgast poengsum – uavhengig av klasse – går vidare til finalespel. Vinnaren her tek med seg 10 000 kr, medan andre- og tredjepremie er på 5 000 kr og 2 000 kr.

Kappleiken har totalt ni klasser:

  • Open klasse
  • Eldre folkemusikkinstrument
  • Halling
  • Hardingfele / vanleg fele
  • Pardans
  • Samspel av alle slag
  • Toradar/trekkspel
  • Vokal
  • Lagdans

Velkomen på kappleik!

Kappleik
Start: Fredag 14. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 18.00
Stad: Kulturhuset/Fagernes