Godkar-tevling


Bur det ein go'kar i deg? Kan du strekke kalveskinn og spenne revkrok?

Foto: Cathrine Dokken

Bli med på Go’kartevling i Fagernes sentrum laurdag midt på dagen. Tradisjonen tru møtest go’karar og go’kvinner frå heile landet til uformell, men prestisjetung kappestrid. Her vinn den som spenner høgast, hoppar lengst og vrir og vrengjer mest på seg i tråd med tradisjonen. Er du ein go'kar? Meld deg på før kl. 12.00 på Skiferplassen. Om du, som dei fleste av oss, ikkje kan nokon av desse triksa, så kom og sjå!

Medverkande:
Jørn Hilme-stemnet i samarbeid med Grabukkadn

Kappleik
Start: Laurdag 16. juli kl. 12.00
Slutt: Laurdag 16. juli kl. 14.00
Stad: Skiferplassen, Fagernes sentrum
Pris: Gratis! Møt opp!