Go'kartevling


Bur det ein go'kar i deg?

Kan du strekke kalveskinn, spenne rævkrok eller anna? Bli med på Go'kartevling i Fagernes sentrum! Tradisjonen tru møtest gokarar frå heile landet til uformell, men prestisjetung kappestrid. Her vinn den karen eller kvinna som spenner høgast, hoppar lengst og vrir og vrengjer mest på seg i tråd med tradisjonen. Er du ein go'kar? Meld deg på før kl. 12.00 på Skiferplassen.

Om du, som dei fleste av oss, ikkje kan nokon av desse triksa, så kom og sjå! 

Kappleik
Start: Laurdag 11. juli kl. 12.00
Stad: Skiferplassen, Fagernes sentrum