Go’kar-tevling


Bur det ein go'kar i deg? Kan du strekke kalveskinn og spenne revkrok?

Foto: Cathrine Dokken

Bli med på Go’kartevling i Fagernes sentrum laurdag midt på dagen. Tradisjonen tru møtest go’karar og go’kvinner frå heile landet til uformell, men prestisjetung kappestrid. Her vinn den som spenner høgast, hoppar lengst og vrir og vrengjer mest på seg i tråd med tradisjonen. Er du ein go'kar? Meld deg på før klokka 12.00 på Skiferplassen. Om du ikkje kan nokon av desse triksa, så kom og sjå!

Medverkande: 
Go'folk

Kappleik
Start: Laurdag 15. juli kl. 12.00
Slutt: Laurdag 15. juli kl. 14.00
Stad: Skiferplassen/Fagernes
Pris: Gratis