Jørn Hilme-stemnet er kappleik!
Skal ein sikre tradisjonen for framtida, må ein legge særleg til rette for det. I over 60 år har kappleiken på Jørn Hilme-stemnet vore ein integrert og likeverdig del av festivalen.
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Påmelding til kappleiken skjer her!
For seniorar kostar det 200 kr å delta, for junior og rekrutt er prisen 100 kr. Strunkeelevane deltek gratis. Gratis inngang for alle publikummarar!
Seks dommarar dømmer i alle klasser med utgangspunkt i FolkOrg sitt dommarskjema. Dei med høgast poengsum – uavhengig av klasse – går vidare til finalespel. Vinnaren her tek med seg 10 000 kr medan andre- og tredjepremie er på 5 000 kr og 2 000 kr.
Du kan melde deg på heilt fram til onsdag 13. juli. Har du lyst til å delta, men er ikkje medlem i FolkOrg, kan du sende ei påmelding direkte til tevlingsleiar Marianne Trøyflat: marianne.gt@gmail.com | 988 18 871. Det blir sett opp startliste i løpet av torsdag 14. juli og desse blir publiserte her og på Facebook.
Kappleiken har totalt ni klasser.
- Open klasse
- Eldre folkemusikkinstrument
- Halling
- Hardingfele/vanleg fele
- Pardans
- Samspel av alle slag
- Toradar/trekkspel
- Vokal
- Lagdans
Velkomen på kappleik!
Laurdag 16. juli
Kappleik for senior og rekrutt
Stad: Kulturhuset, Fagernes
Godkar-tevling
Stad: Skiferplassen, Fagernes sentrum
Utekappleik
Stad: Amfiet, Valdres Folkemuseum, Fagernes