HILME barbert: Susen av Garlistuten


«Det er 60 år sidan 1960. Det er eit hendingsrikt år. Fyrste Jørn Hilme-stemnet ser dagens lys på Fagernes, ein festival til minne om meisterspelemannen Jørn Hilme frå Ulnes.
   Blaut og rå er lyden av Jørn Hilme-stemnet. Låt og låttar kan høyrast på Valdres folkemuseum, i regnvêr og væte, i regnfrakk og hatt, på Folkvang og i radioen.
   Og midt oppi alt: ein forvitneleg dyrgrip utstilt på stas i ein glasmonter, den legendariske Hilme-fela Garlistuten, nyleg heimattkomen etter meir enn 70 år borti Amerika.»

Hilme-biografen Olav Norheim og spelemannen Sivert Holmen skrur tida tilbake til 1960, ja kanskje endå lenger.

Denne konserten blir også strøyma.

KJØP BILLETT »

HILME barbert
Start: Fredag 10. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 18.00
Stad: Rognebygningen, Valdres folkemuseum
Pris: 200/100/gratis