HILME barbert: Camilla Granlien med band


Folkesongaren og artisten Camilla Granlien ga i november 2019 ut albumet «Jeg går i tusen tanker». Albumet tek utgangspunkt i skillingsviser og balladar frå Hedmarken der vi møter både sakn, kjærleik, lausriving, ulykke og heltemot. Konserten er eit musikalsk møte mellom folkemusikken og jazzen der historiene blir fargelagt av musikarane saman.

I bandet: Camilla Granlien (vokal), Alf Hulbækmo (piano), Øystein Aarnes Vik (perkusjon) og Jo Skaansar (kontrabass).

KJØP BILLETT »

HILME barbert
Start: Fredag 10. juli kl. 19.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 20.00
Stad: Amfiet, Valdres folkemuseum
Pris: 300/150/gratis