HILME barbert: Susen av Garlistuten


«Det er 60 år sidan 1960. Det er eit hendingsrikt år. Fyrste Jørn Hilme-stemnet ser dagens lys på Fagernes, ein festival til minne om meisterspelemannen Jørn Hilme frå Ulnes.
   Blaut og rå er lyden av Jørn Hilme-stemnet. Låt og låttar kan høyrast på Valdres folkemuseum, i regnvêr og væte, i regnfrakk og hatt, på Folkvang og i radioen.
   Og midt oppi alt: ein forvitneleg dyrgrip utstilt på stas i ein glasmonter, den legendariske Hilme-fela Garlistuten, nyleg heimattkomen etter meir enn 70 år borti Amerika.»

Hilme-biografen Olav Norheim og spelemannen Sivert Holmen skrur tida tilbake til 1960, ja kanskje endå lenger.

Denne konserten blir også strøyma.

KJØP BILLETT »


Start: Fredag 10. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 18.00
Stad: Rognebygningen, Valdres folkemuseum
Pris: 200/100/gratis

HILME barbert: Camilla Granlien med band


Folkesongaren og artisten Camilla Granlien ga i november 2019 ut albumet «Jeg går i tusen tanker». Albumet tek utgangspunkt i skillingsviser og balladar frå Hedmarken der vi møter både sakn, kjærleik, lausriving, ulykke og heltemot. Konserten er eit musikalsk møte mellom folkemusikken og jazzen der historiene blir fargelagt av musikarane saman.

I bandet: Camilla Granlien (vokal), Alf Hulbækmo (piano), Øystein Aarnes Vik (perkusjon) og Jo Skaansar (kontrabass).

KJØP BILLETT »


Start: Fredag 10. juli kl. 19.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 20.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: 300/150/gratis

HILME barbert: Helga Myhr og Egil Syversbråten


Stigande stjerne og tilbakekomen komet! Helga og Egil er to av dei raffaste på hardingfele frå Torpo og Hemsedal. Er du rask på billettknappen kan du få med deg denne eksklusive konserten med drivande hallingspel blant tømmerveggar som har opplevd det meste.

Denne konserten blir også strøyma.

KJØP BILLETT »


Start: Fredag 10. juli kl. 20.30
Slutt: Fredag 10. juli kl. 21.30
Stad: Rognebygningen, Valdres folkemuseum
Pris: 200/100/gratis

HILME barbert: Sudan Dudan


Duoen Marit Karlberg og Anders Røine har hatt publikum i si hule hand sidan debutplata i 2006. Dei har turnert inn- og utland, hausta prisar og seksarar på terningen. Saman har dei skapt ei toneverd og eit stilbilete som flyt i overgangane mellom det godt jorda og det beint ut overjordiske.

Denne konserten blir også strøyma.

KJØP BILLETT »


Start: Laurdag 11. juli kl. 18.00
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 19.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: 200/100/gratis

HILME barbert: Kim Rysstad med band


Med avlyst på Jaslangen og pålegg om færre publikummarar, så tek Kim med seg bandet til ei anna perle: Amfiet på Valdres folkemuseum.  

Kim Rysstad er ein modig sjangerkunstnar som gjennom heile karriera si har take avstikkarar til nye musikalske landskap. Men utgangspunktet er og blir folkemusikken, då særleg den vokale tradisjonen frå Setesdal og Telemark.

Kim Rysstad vart kjent for det norske folk då han i haust deltok i NRK-programmet Stjernekamp. Folkemusikaren frå Setesdal imponerte dommarar og publikum då han gjennom ulike sjangrar song seg inn i både hjarte og finalen.

Musikarar:
Kim Rysstad – vokal
Annar By – gitar, el. gitar
Ronny Kjøsen – trøorgel, trekkspel, piano
Madeleine Ossum – fele
Birger Mistereggen – perkusjon

KJØP BILLETT »


Start: Laurdag 11. juli kl. 20.00
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 21.00
Stad: Amfiet, Valdres folkemuseum
Pris: 350/150/gratis

HILME barbert: «Ferskfolk» – kurs


Ferskfolk er eit introduksjonskurs for deg som er heilt blank på folkemusikk!

Har du ikkje hengt heilt med i dei siste oppdateringane innanfor folkemusikk og folkedans? Kanskje du aldri har høyrt på folkemusikk, eller sett eit hattespark på nært hald? Ferskfolk er eit kurs for deg som ynsker litt kunnskap og innside-informasjon om musikken, dansen og miljøet. Folkemusikar, folkedansar og heiltidsentusiast Vegar Vårdal vil ta deg med inn i folkemusikkverda, og når du er ferdig med desse to timane så har du heilt klart nokre triks på lager til neste nattsprell eller månadens quiz-runde på pøbben.

Kurset blir strøyma på YouTube.

Instruktør: Vegar Vårdal


Start: Fredag 10. juli kl. 12.00
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 12.00
Stad: YouTube