Før konserten med SVER blir det utdeling av Torleiv Bolstads Minnestipend. Dette er ein gjæv pris som heng høgt. Kven er den heldige i år?
Foto: Anders Lillebo
Torleiv Bolstads minnestipend blir delt ut annan kvart år til ein hardingfelespelar i Valdres mellom 15 og 25 år som syner evne og vilje til å gå inn for folkemusikk frå Valdres. Stipendet blir delt ut av minnenemnda i Valdres Folkemusikklag.
Fotoet viser Ingebjørg Hegge Bratrud, vinnaren av Valdres Folkemusikklag sitt ungdomsstipend i 2023.