Sommarkveld på Valdres Folkemuseum


Velkommen til konsertar, kviss og bygdedans!

Foto: Eva Karlsson

Jørn Hilme-stemnet opnar festivalhelga torsdagskvelden med to konsertar i Festsalen på Valdres Folkemuseum: Kviven duo og Ævestaden. I Rognebygningen og i Skattebustogo blir det bygdedans med studentar frå Noregs musikkhøgskule. I Munkekroen vis-a-vis blir det kviss.

Du kan kjøpe enkeltbillett til kvar konsert eller kveldspass til alt. Kviss er gratis. Billett til konsertane gjev tilgang berre til konsertane. For kjøp av enkeltbillettar, sjå eigne oppføringar.

Torsdag kveldspass (tilgang til alt) vaksne: 300 kr
Torsdag kveldspass (tilgang til alt) ungdom 13-17 år: 100 kr
Torsdag kveldspass (tilgang til alt) born 0-12: gratis

Velkomen!

Medverkande:
Kviven duo
Ævestaden
Kjellbjørn Karsrud og Henning Andersen (kviss)
Studentar frå Noregs musikkhøgskole (dansespel)

KJØP BILLETT »

Dans
Start: Torsdag 14. juli kl. 19.00
Slutt: Fredag 15. juli kl. 00.30
Stad: Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 300 kr