Den kjende gamaldansgruppa Over Stok og Steen kjem til Jørn Hilme-stemnet fredag kveld. Velkomen, du òg!
Foto: Anders Lillebo
Over Stok og Steen er ei av dei fremste gamaldansgruppene i landet. I 25 år har dei spelt folkemusikk frå Hedemarken, flatbygdene aust for Mjøsa. Musikktradisjonen her er rik både i tid, form og uttrykk: Over Stok og Steen spelar 1700-talsmusikk – alt frå menuettar og husmannspolkaer til storbondens fandango og dei mest sørgjelege kjærleikssongane. Gruppa har gått til topps i klassa for gruppespel under Landsfestivalen i gammaldansmusikk heile fire gonger. Dei har gjeve ut fem plater og delteke på fleire andre produksjonar. I 2022 vann dei Folkelarm-prisen for plata TUR6.
Det er fyrste gong Over Stok og Steen står på scena under Jørn Hilme-stemnet.
Medverkande:
Thomas Nilssen
Ole Nilssen
Thomas Lomundal
Morten Brattås
Frode Slupphaug