Med energi og kraft løftar Jutullaget deg opp i skylaget slik berre Jutullaget er i stand til.
Foto: Ketil Sandviken
Velkomen til sommarkveld med dei beste spelemennene i landet!
I over 35 år har Jutullaget vore ei merkevare innanfor norsk tradisjonsmusikk. Gruppa tolkar og spelar mykje tradisjonsstoff som dei har etter eldre spelemenn, hovudsakleg frå Ottadalen. Samstundes legg dei vekt på å vise fram korleis nye generasjonar av spelemenn komponerer nye låttar. Velkomen til himmelsk dansemoro!
Medverkande:
Jon Amund Karusbakken
Inge Gjevre
Svein Ove Brun
Bjarne Odde
Geir Marius Thorud