Lendmenn kjem frå Lalm og Garmo i Gudbrandsdalen og har i løpet av dei siste 15 åra etablert seg som ei av dei mest ettertrakta gamaldansgruppene i landet.
Foto: Johannes Selvaag
Festteltet: Lendmenn kjem frå Lalm og Garmo i Gudbrandsdalen og har i løpet av dei siste 15 åra etablert seg som ei av dei mest ettertrakta gruppene i landet. Dei har vunne gruppespel under Landsfestivalen i gammaldansmusikk to gongar – i 2017 og 2018. I 2015 gav dei ut albumet Den fyrste, innspelt i Lom med dansarar i salen. Det meste av repertoaret kjem frå tradisjonane i Gudbrandsdalen, men innimellom dukkar det opp perler frå andre stadar. Musikarane i Lendmenn er mellom dei yngste og blankaste stjernene på gammaldanshimmelen – med ein snittalder på 29 år.
Medverkande:
Bjarne Odde, kontrabass
Bjørn Kåre Odde, fele
Mads Erik Odde, trekkspel
Steinar Odde, gitar
Øyvind Sandum, trekkspel og toradar
Bygdedans: Dans deg glad og sveitt til ulike tradisjonar frå dei beste spelemennene og -kvinnene i landet rundt om i dei gamle husa på museet!