Velkommen til Jørn Hilme-stemnet 2021!


 

Blaut og rå er lyden av Jørn Hilme-stemnet. Låt og låttar kan høyrast på Valdres Folkemuseum, i regnvêr og væte, i djupblåe sommarkveldar – eller i lyngen på Jaslangen medan sola sig ned bakom fjelltoppane. Vil du oppleve eggjande fele- spel i ei mørk stove? Vil du lære å spele langeleik eller berre flyte med i den gode stemninga ein varm sommarkveld? Kom for songen, kom for spelet, kom for store opplevingar i godt lag.

Jørn Hilme-stemnet er godt i gang med programarbeidet for sommaren – både for Jørn Hilme-stemnet, Hilme året rundt og Strunkeveko. Programmet for Strunkeveko er alt klart. Meir om det finn du her. Programmet for Jørn Hilme-stemnet er klart i byrjinga av mai. Følg med! 

Covid 19 har rokka ved sjelslivet og skapt frustrasjon blant mange i kultur- og samfunnslivet. Likevel er vi optimistiske. Vi skal få til mykje – innfor gjeldande smittevernreglar. Jørn Hilme-stemnet programmerer utifrå dei ambisjonane som ligg i festivalen gjennom fleire år, både når det gjeld talet på konsertar, mengde artistar, kurs og andre tiltak.

Og medan vi ventar på våren, held vi fram det gode arbeidet. Kryss av for festivaldagane 11.—18. juli. Du kan fylgje oss på Facebook-sida vår, eller på Instagram. Har du tips og gode idear til konsertar og anna er du velkomen til å sende det til post@hilme.no.

Velkomen til Jørn Hilme-stemnet, velkomen til Valdres!