Vil du jobbe med folkemusikk og folkedans? I Valdres folkemusikkarrangement er det to ledige stillingar. Er du den vi søkjer?
Foto: Anne-Marte Før
Valdres folkemusikkarrangement AS (VFAS) er eit ideelt aksjeselskap heileigd av Valdres folkemusikklag. VFAS er ein av dei største og mest aktive folkemusikkarrangørane i landet. Selskapet arrangerer festivalen Jørn Hilme-stemnet og sommarkurset Strunkeveko, i tillegg til andre kurs, konsertar, seminar og tiltak gjennom året. VFAS er nyskapande, har mange aktive og dedikerte medhjelparar, engasjerte publikummarar og deltakarar – og stor gjennomføringskraft. VFAS har to tilsette på heilårsbasis.
Valdres folkemusikkarrangement søkjer no:
- Dagleg leiar og festivalsjef i 100 % stilling
- Kurs- og arrangementsansvarleg i 60 % stilling
DAGLEG LEIAR OG FESTIVALSJEF
Dagleg leiar og festivalsjef har ansvaret for planlegging, organisering og gjennomføring av Jørn Hilme-stemnet, i tillegg til dagleg drift av selskapet og rapportering til styret i VFAS. Dagleg leiar og festivalsjef er ei stilling i 100 %.
KURS- OG ARRANGEMENTSANSVARLEG
Kurs- og arrangementsansvarleg har ansvaret for planlegging, organisering og gjennomføring for sommarkurset Strunkeveko, for konsertscena Hilme året rundt og andre aktivitetar gjennom året. Kurs- og arrangementsansvarleg er ei stilling i 60 %.
ARBEIDSOPPGÅVER
Arbeidsoppgåvene er varierte og mangfaldige. I båe stillingane vil du arbeide med:
- Gjennomføring av arrangement og prosjekt frå A til Å
- Ansvar for kunstnarleg profil og booking
- Budsjettering og økonomistyring
- PR og marknadsføring
- Søknadsskriving, rapportering og kulturpolitisk arbeid
- Frivillig-organisering
- Sponsorarbeid
- Samarbeid med kulturlivet i Valdres og i resten av landet
KVALIFIKASJONAR OG EIGENSKAPAR
Vi søker etter strukturerte personar med gode samarbeidsevner og relevant arbeidserfaring og/eller utdanning innan kulturadministrasjon/økonomi. I tillegg ynskjer vi at du har:
- God formuleringsevne skriftleg og munnleg
- Leiarerfaring og organisatorisk innsikt
- Evne til prosjektleiing frå idé til realisering
- Økonomisk forståing og erfaring med økonomisk styring, budsjettering og rekneskap
- God samarbeidsevne og er diplomatisk og løysingsorientert
- God kjennskap til folkemusikkfeltet og regionen Valdres
- Kunnskap om og vyar for arbeid med folkemusikksjangeren
SOM TYPE ER DU
- Målretta og kan arbeide opp mot ein strategi
- Kreativ, initiativrik, sjølvstendig, strukturert og positiv, og evner å skape gode relasjonar i arbeidet med frivillige
- Interessert i utviklingsarbeid og publikumsbygging
VI TILBYR
- Dagleg leiar og festivalsjef: 100 % stilling med ujamn fordelt arbeidsmengde gjennom året. Størrelsen på stillinga er fleksibel
- Kurs- og arrangementsansvarleg: 60 % stilling med ujamn fordelt arbeidsmengde gjennom året. Størrelsen på stillinga er fleksibel
- Løn etter avtale
- Eit triveleg og kreativt arbeidsmiljø i kulturklynga på Valdres Folkemuseum og eit engasjert folkemusikkmiljø
Send søknad med CV til: post@hilme.no innan fredag 3. november 2023. Spørsmål kan rettast til styreleiar Kyrre Strand (932 13 142), dagleg leiar Knut Aastad Bråten (907 68 797) eller kurs- og arrangementsansvarleg Frank Henrik Rolland (906 32 556). Det er mogleg å søke på båe stillingane.
- Arbeidsgjevar: Valdres folkemusikkarrangement AS
- Tittel stilling 1: Dagleg leiar og festivalsjef
- Tittel stilling 2: Kurs- og arrangementsansvarleg
- Varigheit stilling 1: Fast, 100 % stilling
- Varigheit stilling 2: Fast, 60 % stilling
- Arbeidsstad: Fagernes
- Frist: 3. november 2023
- Tiltreding: 1. februar 2024, eller etter avtale
Publisert 11.10.23