Jørn Hilme-stemnet og Norsk Seterkultur inviterte sommaren 2023 til seminar i tradisjonell lokking.

Foto: Yngve Ask

Med seminaret vil vi auke kunnskapen om lokken som fenomen, som immateriell kulturarv og som del av ein kvardag. Under seminaret var det føredrag og kurs gjennom læring av ulike lokketradisjonar og lokketeknikkar. Seminaret var nasjonalt og for heile Noreg, og med eit sideblikk til nabolandet Sverige.

Deltakinga til seminaret var god, og ho var stor. Dei aller fleste som var med, var kvinner. Av til saman 36 påmelde var det med tre karar. Deltakarane kom frå heile landet, men med ei overvekt frå Austlandet. 

Lokken står i nært samband med seterkulturen. Det er her han høyrer heime. Men å lokke er ikkje lenger like sjølvsagt. Stadig fleire gardbrukarar vel bort seterdrifta. Det er eit tap med mange konsekvensar, ikkje minst for nettopp kulturarven. Med det høge tempoet i nedlegginga av seterkulturen er ein fleire hundre år gamal praksis og kulturtradisjon i ferd med å forsvinne.

Nasjonalt seminar for tradisjonell lokking var ein møteplass for mange: for dei som arbeider i landbruket, dei med tilknyting til seterkulturen, men òg for alle dei med interesse for kulturarven: musikarar og byråkratar, museumstilsette og andre. Målet var å skape ein arena for dei med kunnskap og interesse for lokken, drøfte problemstillingar og finne løysingar for å sikre han for framtida.

Innleiarane under seminaret var: Eli Storbekken, Karolina Westling, Jennie Tiderman-Österberg, Karin Kolterud, Inger Marie Vingdal, Hans-Hinrich Thedens og Johanna Fuglesteg.

Ein film frå seminaret ligg ute på YouTube. Du finn filmen her!

Nasjonalt seminar for tradisjonell lokking vart til med økonomisk støtte frå:

  • Jørn Hilme-stemnet
  • Nord-Aurdal kommune
  • Norsk kulturfond
  • Norsk Seterkultur
  • Valdres Natur- og Kulturpark
  • Norsk kvedarforum