Instruktørar: Anne-Grete og Rolf Bjørgan
Foto: Knut Utler
Kursrekka på Jørn Hilme-stemnet byr på tradisjonar frå heile landet. I år kan du mellom anna lære å danse springleik frå Gudbrandsdalen og pols. Springleiken har truleg vore i bruk over heile Gudbrandsdalen, men blir i dag mest brukt nord i dalen. Her finst dansen med eit sett av turar og variantar. Medan springleiken er lokal i Gudbrandsdalen, har polsen breidd seg utover og blitt veldig populær i heile landet.
Anne-Grete og Rolf Bjørgan frå Sel i Gudbrandsdalen har båe dansa gamaldans og bygdedans sidan tenåra, og dei har halde eit utal kurs i både innland og utland. Dei er aktive deltakarar på Landskappleiken og Landsfestivalen, med fleire toppresultat. I 2003 vann dei kongepokalen for springleiken. «Vi har stor glede av å lære bort til andre», seier Anne-Grete. No er ho og mannen på Hilme!
Velkomen på kurs!
Fakta:
- Onsdag 12. juli klokka 15.30–17.30
- Torsdag 13. juli klokka 14.00–18.00
- Fredag 14. juli klokka 10.00–15.00
- Pris: 1000 kr – som inkluderer kaffi, lunsj (fredag), samtale og konsertar onsdag, torsdag og fredag
- Spelemann: Kari Grøsland