Kurs i seljefløyte


Instruktør: Silje Hegg

Foto: Bjørn Sletten

Tonane frå seljefløyta var eit vakkert vårteikn før i tida – og er det framleis. Seljefløytekurset er eit nytt kurs på Jørn Hilme-stemnet.

Seljefløyta er truleg eit av dei eldste instrumenta vi har, og vi finn slektningar av fløyta over heile verda. Instrumentet er ofte laga av borken på ei seljegrein, men levetida er kort, og difor finst fåe eldre, bevarte fløyter. På 60-talet tok Magnar Storbækken til med produksjon av seljefløyter av plast, surra inn i bork.

Silje Hegg er instruktør på seljefløyte i år. Ho kjem frå Vinje og har vunne fløyteklassa på Landskappleiken fleire gonger. Den autentiske stilen og rytmiske snerten gjer ho til ein svært omtykt utøvar og ein viktig representant for seljefløyta. Ho var tidlegare med i gruppa Blåmann Blåmann, som turnerte med stor suksess i både inn- og utland.

Velkomen på kurs!

Fakta:

  • Onsdag 12. juli klokka 15.30–17.30
  • Torsdag 13. juli klokka 14.00–18.00
  • Fredag 14. juli klokka 10.00–15.00
  • Utøvarane stiller med eigne fløyter (grunntone D). Har du ikkje fløyte, kan du låne av oss. Fløyter som du låner kan du kjøpe med deg heim
  • Pris: 1000 kr – som inkluderer kaffi, lunsj (fredag), samtale og konsertar onsdag, torsdag og fredag

Les meir om kurset her.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Onsdag 12. juli kl. 15.30
Slutt: Fredag 14. juli kl. 15.00
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes
Pris: 1000 kr