Her kjem det snart info om årets Strunkekonsertar. 


Det blir lærarkonsert, sjokoladekappleik og avslutningsframsyning.

Lærarkonserten 2026


«Den eventyrlege lærarkonserten»  

Foto: Anne-Marte Før

Strunkeveko har dei beste lærarane, og desse må få vise seg fram! Tema på Strunkeveko i år er segn og eventyr og strunkelærarane lar seg inspirere av temaet på årets konsert.

Strunkeveko har utvikla seg til å bli det største sommarkurset i folkemusikk og folkedans med om lag 115 elevar kvart år. På Strunkeveko får elevane kunnig kursing av dei beste lærarane, og ikkje minst får dei venskap som varar livet ut, i eit stort og triveleg folkemusikkmiljø. I tillegg til at lærarane er gode, er dei ofte unge. Fleire av dei er profesjonelle utøvarar som har pedagogisk erfaring som instruktørar. Mange kan òg vise til sigrar frå Landskappleiken og Landsfestivalen.

 

Velkommen til inspirerande og leikande konsert for heile familien.

Årets strunkelærarar Gard Nergaard, Vegard Hansen, Silja Lid Strysse, Kristoffer Kleiveland, Ingebjørg Hegge Bratrud, Gøril Ramo Håve, Ingeborg Lognvik Reinholdt, Laura Ellestad, Sindre Tronrud, Åsmund Farstad, Astri Garmo, Thea Myrjord Norheim, Stian Roland, Birgit Haukås Anita Vika Langødegaard, Nikolaj Bo Fischer Nielsen og Ulf-Arne Johannessen og byr på ein triveleg konsert med låge akslar og glimt i auget! 

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Sundag 5. juli kl. 19.30
Slutt: Sundag 5. juli kl. 20.30
Stad: Merket, Tisleidalen
Pris: kr 200 (vaksen), kr 100 (UngINN). Gratis for born under 13 år

Strunkekappleiken 2026


Velkommen til Strunkekappleiken «Det var ein gong..»

Kappleik høyrer med på sommarkurset Strunkeveko, men også smakfulle, søte premiar! Den legendariske sjokoladekappleiken som no har bytta namn til Strunkekappleiken, har kvart år ulike tema. Her er det meste lov, og både elevar og lærarar let kreativiteten blomstre vilt. Her legg ein opp til fritt spelerom, og det er berre å glede seg til alle sprella som vil dukke opp. Kven har årets artigaste innslag, og kven vinn prisen for beste kostyme? Kven har X-faktoren? Eit høgdepunkt med kreative innslag og rause dommarar.

Tema på Strunkeveko i år er segn og eventyr, og tittelen på kappleiken måtte derfor bli: «Det var ein gong..»

Medverkande:
Elevane på Strunkeveko!

Foto: Ingvill Skeie Ljones

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Onsdag 8. juli kl. 18.00
Slutt: Onsdag 8. juli kl. 19.30
Stad: Merket, Tisleidalen
Pris: kr 170 (vaksen), kr 50 (UngINN). Gratis for born under 13 år

Avslutningsframsyning for Strunkeveko 2026


Velkommen til «Snipp snapp snute», årets avslutningsframsyning for Strunkeveko på Kulturhuset. Gled deg til ei kreativ og sprudlande framsyning med nær 100 full-lada ungdomar!

Tema på Strunkeveko i år segn og eventyr.

 

Medverkande: Elevane på Strunkeveko

Produsentar: Kristoffer Kleiveland og Birgit Haukås

Foto: Ingvill Skeie Ljones

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Fredag 10. juli kl. 14.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 15.00
Stad: Kulturhuset, Fagernes
Pris: kr 200 (vaksen), kr 100 (UngINN). Gratis for born under 13 år