Her kjem det snart info om årets Strunkekonsertar.
Det blir lærarkonsert, sjokoladekappleik og avslutningsframsyning.
Lærarkonserten 2026
Strunkeveko har dei beste lærarane, og desse må få vise seg fram! Strunkeveko har utvikla seg til å bli det største sommarkurset i folkemusikk og folkedans med nær 100 elevar kvart år. På Strunkeveko får elevane kunnig kursing av dei beste lærarane, og ikkje minst får dei venskap som varar livet ut, i eit stort og triveleg folkemusikkmiljø. I tillegg til at lærarane er gode, er dei ofte unge. Fleire av dei er profesjonelle utøvarar som har pedagogisk erfaring som instruktørar. Mange kan òg vise til sigrar frå Landskappleiken og Landsfestivalen.
Velkommen til inspirerande og leikande konsert for heile familien.
Årets strunkelærarar Gard Nergaard, Vegard Hansen, Silja Lid Strysse, Kristoffer Kleiveland, Ingebjørg Hegge Bratrud, Gøril Ramo Håve, Ingeborg Lognvik Reinholdt, Laura Ellestad, Sindre Tronrud, Åsmund Farstad, Astri Garmo, Thea Myrjord Norheim, Stian Roland, Anita Vika Langødegaard, Ulf-Arne Johannessen og Eivind Tanche-Larsen Knutsen byr på ein triveleg konsert med låge akslar og glimt i auget!
Konsertar
Start: Sundag 5. juli kl. 19.30
Slutt: Sundag 5. juli kl. 20.30
Stad: Merket, Tisleidalen
Sjokoladekappleik
Velkommen til sjokoladekappleik med elevar frå Strunkeveko!
Kappleik høyrer med på sommarkurset Strunkeveko, men også sjokolade! Sjokoladekappleiken har kvart år ulike tema, her er det meste lov, og både elevar og lærarar let kreativiteten blomstre vilt. Her legg ein opp til fritt spelerom, og det er berre å glede seg til alle sprella som vil dukke opp. Kven har årets artigaste innslag, og kven vinn prisen for beste kostyme? Kven har X-faktoren? Eit høgdepunkt med kreative innslag og rause domarar.
Konsertar
Start: Onsdag 8. juli kl. 18.00
Slutt: Onsdag 8. juli kl. 20.00
Stad: Merket, Tisleidalen
Avslutningsframsyning for Strunkeveko 2026
Velkommen til avslutningskonserten til Strunkeveko. Gled deg til ei kreativ og sprudlande framsyning med over 100 full-lada ungdomar!
Medverkande: Elevane på Strunkeveko
Produsentar: Info kjem
Konsertar
Start: Fredag 10. juli kl. 14.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 15.00
Stad: Kulturhuset, Fagernes