Jørn Hilme-stemnet er kappleik!


I over 60 år har kappleiken på Jørn Hilme-stemnet vore ein viktig del av festivalen.

Foto: Cathrine Dokken

Resultat frå kappleiken på Jørn Hilme-stemnet 2022 er no klart. Du finn resultatet her:

Jørn Hilme-stemnet 2022

Tre av dei med høgast poengsum – uavhengig av klasse – gjekk vidare til finalespelet. Resultatet frå finalespelet i amfiet på Valdres folkemuseum laurdagskvelden ser slik ut:

1. plass og vinnar av 10 000 kr: Synnøve Brøndbo Plassen, vokal, Hedmark folkemusikklag
2. plass og vinnar av 5 000 kr: Jan Beitohaugen Granli, hardingfele, Øystre Slidre spel- og dansarlag
3. plass og vinnar av 2 000 kr: Stian Roland og Tone Voldhaug, valdresspringar, Øystre Slidre spel- og dansarlag.

Velkommen til ny kappleik i 2023!