Nysgjerrig på langeleik?


 

Viral langeleik, opplærings­filmar på langeleik – eit nytt og nyttig hjelpe­middel for deg som vil lære å spele.

Norsk Langeleikforum, Valdres Folkemusikkarrangement og Nord-Aurdal kulturskule har produsert 20 opplæringsfilmar på langeleik. Filmane vil bli produsert som eit pedagogisk hjelpemiddel – og er tilpassa både vaksne og barn. Filmane kan nyttast som læremateriell i musikkundervisning i alt frå kulturskule til høgskule, i spel- og dansarlag og til sjølvstudium. Filmane blir til med økonomisk støtte frå Norsk kulturråd og Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Medverkande på filmane er Gunvor Hegge, Ida Vårlid Stensæter, Inga Thon Rogne, Ingeborg Aabol, Ingrid Lingaas Fossum, Kari Steinsrud, Knut Aastad Bråten, Margit Onstad, Målfrid Persvold Ranheim, Oddrun Hegge, Ole Aastad Bråten, Ragnhild Rolandsgard Hauge, Solfrid Olmhus og Vilhelm Enerud. Jørn Ranum har stått for all filming. 

Meir info her: www.hilme.no, www.langeleikforum.no, www.valdresmusea.no og www.nakulturskole.no

Fleire filmar blir lagt ut på hilme.no fram mot jul. Følg med!

Film 1: Introduksjon

Film 2: Sitjestilling og snertebruk

Film 3: Stemming

Film 4: Korleis bruke venstrehanda på langeleik

Film 5: Taktslag

Film 6: Knips og fingerslag

Film 7: Prill, ristetak og triol

Film 8: Dokkemannvalsen

Film 9: Pål sine høner

Film 10: Vals etter Johannes Halden

Film 11: Borghilds masurka

Film 12: Låtten hass Andris på Teige

Film 13: Røyskatten

Film 14: Pengar og gard

Film 15: Dalalåtten

Film 16: Marsj frå Nordfjord

Film 17: Trekrøssdans

Film 18: Oppsummering 

Film 19: Vil du lære å spele langeleik?

Film 20: Rulletekst og takk til alle!