Kappleiken på HILME er ein av dei største og eldste i landet. For mange er dette kjernen i festivalen, og vi opplever ei jamn auke i påmelding. For publikum er dette ei framifrå mulegheit til å sjå breidda av dagens folkemusikkmiljø; dei minste talenta, dei heitaste stjernene og dei gamle legendene, alle på eitt brett!

Førehandspåmeldinga går føre seg frå og med måndag 1. juni til og med onsdag 8. juli. Du melder deg på her: www.tevling.folkorg.no. Det blir sett opp startliste i løpet av torsdag 9. juli og desse blir publiserte her og på facebook. 

Deltaking gjev gjennomgangsbillett til kappleiken og arrangementa på museet laurdag og sundag. For seniorar kostar det 200 kr å delta, for junior og rekrutt er prisen 100 kr. Strunkeelevane deltek gratis.

Seks dommarar dømmer i alle klasser med utgangspunkt i FolkOrg sitt dommarskjema.  

Kappleiken blir sparka i gang med juniorklassen på Valdres Folkemuseum fredag kl. 16.00.

Laurdag kl. 10.00 startar kappleik for rekrutt og senior i Kulturhuset i Fagernes, berre avbrote av Go'kar-tevling på Skiferplassen kl. 12.00. Go'kar-tevlinga er ei uhøgtidleg tevling om kven som er sprekast i ulike spretne triks og høge kast.

Laurdagskvelden kan du oppleve utekappleik på Valdres Folkemuseum. Her startar lagdansen kl. 18.30 før det heile blir avslutta med det nervepirrande finalespelet. Vinnaren her tek med seg 10 000 kr medan andre- og tredjepremie er på 5 000 kr og 2 000 kr.

Jørn Hilme-stemnet har følgjande klasseinndeling:

  • Eldre folkemusikkinstrument: langeleik, munnharpe, fløyter, lur, bukkehorn m.m. 
  • Samspel av alle slag: Gruppespel, lagspel og open klasse
  • Toradar/Trekkspel
  • Hardingfele/Vanleg fele
  • Vokal
  • Pardans: Springar/springleik/pols, gangar/bonde, runddansar
  • Halling
  • Lagdans