Strømmekappleik!


HILME blir medarrangør på verdas fyrste digitale kappleik saman med plateselskapet ta:lik! Kappleiken vil bli strømma med topp lyd og bilde, i samarbeid med Hallibakken Lydstudio/Hallingdal Lyd ved Tor Magne Hallibakken og Fabelaktiv ved Pål Bratås.

Tradisjonell kappleik
Arrangementet vil bli gjennomført som ein tradisjonell kappleik, med enkelte overraskingar i sendinga. Det blir tevla i klassene hardingfele, fele, vokal, torader og halling. Deltakarane kan sjølve velje repertoar innanfor runddans og bygdedanstradisjonen.

Kappleiken skjer i lokala til Hallibakken lydstudio på Nesbyen i Hallingdal laurdag 27. juni.

Cirka køyreplan for kappleiken:
11.00 Opning av kappleiken
11.10 Eldre instrument, junior
11.18 Fele, junior
11.50 Hardingfele, junior
12.45 Hallingdans, junior
13.00 Durspel, senior
14.30 Vokal, senior
15.25–16.00 PAUSE
16.00 Hallingdans, senior
16.45 Hardingfele, senior
18.25 Fele, senior
19.20 Eldre instrument, senior
Oppsummering, publikumspris, loddtrekning m.v.
19.50 Releasekonsert Ingeborg Lognvik Reinholdt
20.15 Premieutdeling

Domarar
Hardingfele, vokal og eldre instrument:
Per Anders Buen Garnås, Gunnlaug Lien Myhr og Åshild Vetrhus.
Fele, toradar og halling:
Hans Sandum, Martin Myhr, Ingun Stræte og Mari Skeie Ljones.

 

KORLEIS FÅ TOPP FOLKEMUSIKK EIN HEIL DAG?
1. Samle gode vener!
2. Skaff stor skjerm og grom lyd!
3. Hugs desinfeksjon!
4. Fyr opp grillen!
5. Nyt topp lydkvalitet på meisterleg spel, song og dans!
6. Betal for moroa med VIPPS!
7. Stem fram din favoritt!
8. Vinn flotte premiar på VIPPS-lotteri!

Finaniseringa av kappleiken skjer ved frivillige VIPPS-bidrag frå publikum.

 

- - - - - - - -

Smittevern
Arrangøren vil ta smittevernomsyn, deltakarane må møte til fastsette tider og vi vil syte for god avstand mellom aktørane. Det blir (diverre) ikkje lagt opp til at deltakarane skal henge på Nesbyen lenge før og etter at dei har spelt, men sjølvsagt håpar vi at det likevel blir hyggjeleg å treffast. Ein vil få eigne øvingsrom.

Tevlingskåt?
Det er frameleis nokre ledige plassar att, så meld deg på via kappleikssystemet til FolkOrg.
Deltakarane kan spela det repertoaret dei vil innanfor runddans og bygdedanssjangrane, og prestasjonane blir vurderte av eit kvalifisert dommarpanel. Publikumsstemming blir det også, utan at det er heilt bestemt på kva slags måte det skal skje enno.

Overnatting
For dei som treng overnatting, så ligg Smedsgarden hotel berre eit par minutt unna.