Prosjektleiar på plass


Folkedans Innlandet er eit fylkeskommunalt prosjekt i eitt år, med mål om å styrke folkedansen i Innlandet. Arbeidet blir leia frå Valdres folkemusikkarrangement på Fagernes.

Foto: Cathrine Dokken

Folkedans Innlandet skal mellom anna tilby seminar og opplæring og jobbe med utøvarar for å utvikle fleire produksjonar. Sigrid Stubsveen frå Engerdal er tilsett i prosjektstillinga for Folkedans Innlandet.

– Eg er glad for å få moglegheit til å leie dette heilt nye, unike og spennande prosjektet som Folkedans Innlandet er. Eg gler meg verkeleg til å ta fatt på arbeidet og å vere med på og forme prosjektet det neste året, seier Sigrid. 

Det blir i desse dagar arbeidd med etablering av nettside og anna digitalt krimskrams - i tillegg til planlegging av seminar og andre tiltak. Følg med! 

Kontaktinformasjon til Folkedans Innlandet: