Valdres Folkemuseum


HILME har det flottaste festivalområdet vi kan tenkje oss. Hovudarenaen har i alle år vore Valdres Folkemuseum; landets fjerde største friluftsmuseum. Museet ligg på ei stor halvøy som stikk ut i Strandefjorden og har ei samling på over 100 historiske hus.

Mange av desse husa blir brukt til konsertar, kurs, framsyningar og ikkje minst til dans til langt på natta.

Desse rammene har vorte ein sterk del av identiteten til HILME, på same måte som HILME er ein del av identiteten til museet. 

Jaslangen er eit stølslag i vestfjella, ein liten times kjøring frå Fagernes. Her finn ein levande stølar i storslått natur. Solefallskonserten har vakse til ein publikumssuksess der folk i tusental benkar seg i lyngheia medan sola sig sakte over Hemsedalsfjella. 

St. Tomaskyrkja og Hedalen stavkyrkje er stadene for dei intime kyrkjekonsertane med djup klangbotn. Begge kyrkjene ber ei rik historie som også blir formidla gjennom arrangementa «Vandring på Kongevegen» og omvising i Hedalen stavkyrkje. HILME famnar med dette heile Valdres frå Filefjell i nord til Hedalen i sør.

Kulturhuset i Fagernes er arena for rekrutt- og seniorkappleiken laurdagen på festivalen. Her er det også kantine for matservering og kort avstand til alle tilbod i Fagernes.

Skiferplassen midt i Fagernes kokar av skodelystne når Go'kar-tevlinga dreg i gang laurdag kl. 12.00.