Ut på golvet!


Folkedans Innlandet er eit fylkeskommunalt prosjekt i eitt år, med mål om å styrke folkedansen i Innlandet. Arbeidet blir leia frå Valdres folkemusikkarrangement på Fagernes.

Foto: Cathrine Dokken

Folkedans Innlandet skal mellom anna tilby seminar og opplæring og jobbe med utøvarar for å utvikle fleire produksjonar. Sigrid Stubsveen frå Engerdal er tilsett i prosjektstillinga for Folkedans Innlandet.

– Eg er glad for å få moglegheit til å leie dette heilt nye, unike og spennande prosjektet som Folkedans Innlandet er. Eg gler meg verkeleg til å ta fatt på arbeidet og å vere med på og forme prosjektet det neste året, seier Sigrid. 

Folkedans Innlandet har mål om å styrke folkedansen i heile Innlandet gjennom å skape gode arenaer for folkedansen, samarbeide med lokale og regionale lag, arrangørar og andre aktørar innan folkedans og folkemusikk.

Fylkeskommunen si overordna målsetting med folkedansen i Innlandet er å sikre breidde og rekruttering i heile fylket, slik at feltet blir meir berekraftig i lokalmiljøa, at det får ein naturleg plass i utdanningsløpa og kunstfeltet. Målet er stabil og langsiktig vidareføring av feltet.

Folkedans Innlandet vil «ut på golvet» og samarbeide med lokale lag og foreiningar om meir folkedansaktivitet. Har du ein idé? Ynskjer du å få til ein dansefest eller eit kurs? Nøl ikkje, ta kontakt! Vi vil gjerne samarbeide med deg!

Fire større arrangement er under planlegging i løpet av 2022/2023. Eitt av dei vart arrangert på Harpefoss hausten 2022. Meir informasjon kjem etter kvart.

Kontaktinformasjon til Folkedans Innlandet: 

  • Sigrid Stubsveen, prosjektleiar
  • E-post sigrid.stubsveen@gmail.com
  • Mobil 479 02 001
  • Følg oss på Facebook og Instagram
  • folkedansinnlandet.no