Jørn Hilme-stemnet hadde akkurat lansert nye heimesider med eit flott jubileumsprogram når Covid-19 sette verda på hovudet. Vi venta på utvikling og avklaringar, men det blei meir og meir klart at ein ordinær festival blei vanskeleg å gjennomføre. Intimkonsertar med ein meter avstand i dei små stovene og danseforbud for dei mange danseglade på festivalen vår – Covid-19 rokka ved sjela vår.

Det er mange uklarheiter både for artistar, leverandørar, publikum og arrangørar på mange måtar no, men vi håpar at økosystemet vårt kjem ut av det på best muleg måte.

HILME barbert
Sjølv om Jørn Hilme-stemnet slik vi kjenner det offisielt er avlyst, blir det likevel presentert nokre godbitar fredag og laurdag i HILME-helga. «HILME barbert» er nemninga på årets arrangement med eit program som er sterkt frisert for å møte smittevern-omsyna. Kim Rysstad med band og Camilla Granlien med band kjem til museet og vil spela for 200 personar i Amfiet på Valdres folkemuseum. Det blir også intimkonsertar med eit eksklusivt utval billettar og strauming. Du kan lesa meir om programmet her.

HILME 2020 skulle feire festivalen som 60-åring, og fredagen på HILME blir det fokus på spelemannen Jørn Hilme på konserten «Susen av Garlistuten». Det blir også dugnad på Hilmisberget i løpet av våren. Elles gler vi oss til neste år og håpar på dans, dans, dans og fysiske møte i Valdres 2021!