|
Valdres folkemusikkarrangement AS
Valdres folkemusikkarrangement AS (VFAS) er eit driftsselskap for dei store arrangementa til Valdres folkemusikklag (VFL); Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko. VFAS er heileigd av folkemusikklaget i Valdres, og vart stifta våren 2009 som eit svar på dei økonomiske utfordringrane det er for eit frivillig lag som VFL å drive store arrangement. Ved å ha eit anna selskap til å drive arrangement slepp VFL både arbeidsgjevaransvar for tilsette, og vi unngår den store økonomiske risikoen det er ved å arrangere festivalar med mange millionar i budsjett.
Styreleiar for VFAS er Anita Nodland
VFAS har eigne vedtekter som m.a. baserer seg på formålsparagrafen frå den gongen Hilme-stemnet var direkte under VFL.
vedtekter_for_valdres_folkemusikkarrangement_as_16_03_09 (pdf)
Samarbeidet mellom VFL og VFAS blir regulert av ei samarbeidsavtale:
samarbeidsavtale_vfl_-_vfas (pdf)
|