Samlingar for ungdom våren 2012
Valdres folkemusikklag og Valdres Ungdomslag samarbeidar om felles øvingskveldar for ungdom som driv med folkemusikk i Valdres. Tiltaket starta opp i 2011, og det har vore rundt 12-14 elevar med kvar gong. I 2012 utvidar vi med undervisning i torader, og med samarbeid om dans. Kurset er både for dei som er elevar i kulturskulen og for andre som driv med musikk.
11. januar 2012
Vestre Slidre 26. november
Kjære alle valdrisar (og andre) som spelar hardingfele! Kjære alle som meir eller mindre har lagt felespelet på hylla dei seinare år, men som har hatt i tankane å koma i gang att - me har ein invitasjon til dykk!
Solhaug laurdag 29. oktober kl. 19
Øystre Slidre spel- og dansarlag skipar til ein æresfest for Knut Steinsrud. Me vil minnast stordansaren, inspiratoren, tømmermannen og læremeistaren Knut Steinsrud med ein konsert og dansefest. Konserten vil by på bilder, filmsnuttar og sjølvsagt spel, dans og song frå nokre av dei beste utøvarane frå Valdres.
Kurstilbod:
Ein gong i månaden arrangerer Valdres folkemusikklag samlingar for ungdom som spelar hardingfele og langeleik i kulturskulen. Det er fire samlingar i haust; 13. september, 11. oktober, 8. november og 6. desember.
13. september 2011
Årbok for norsk folkemusikk 2010 er no tilgjengeleg for medlemmene i FolkOrg. Boka blir ikkje sendt i Posten som fyrst meint, men er tilgjengeleg på bladet Folkemusikk sitt kontor på Valdres Folkemuseum. Det er fint om leiarar i lokallaga kan ta med seg bøker til medlemmer i sitt lokallag.
12. juli 2011
Gode valdresprestasjonar!
Det vart mange gode plasseringar på Landskappleiken i Seljord sist helg. Silje Onstad Hålien frå Vang vart historisk som den første jenta nokonsinne til å rykke opp i eliteklassa i laus/hallingdans.
4. juli 2011