stian carstensen og elias akselen

Elias Akselsen og Stian Carstensen på kyrkjekonsertar

Super-duo kjem til Hilme

Stian Carstensen, frontfigur i bandet Farmers Market, har hausta strålande kritikkar for albumet Slav To the Rhythm, med terningkast 6 i fleire medium, mellom anna i VG og Dagbladet. Til sumaren kjem han på Jørn Hilme-stemnet!
Stian Carstensen kjem ikkje åleine, men har med seg den kjende tatermusikaren Elias Akselsen. Saman held dei to kyrkjekonsertar: 25. juli i Tingnes kyrkje på Fagernes, og 26. juli i Hedalen stavkyrkje, i Hedalen.

Duoen Carstensen og Akselsen
Tradisjonsformidlaren Elias Akselsen er ein av dei mest profilerte tatermusikarane i dag, og står bak ei rekke plateutgjevingar, mellom anna Hjemlandsklokker (2002) og Her kommer dine arme små (2003). Akselsen har tidlegare motteke NRKs folkemusikkpris (2001) og Rff-prisen (2008). Han er også utnemnd til statsstipendiat (frå 2010), og har samarbeida med artistar som Cornelis Wreeswijk og Fred Åkerström – og Stian Carstensen. Dei to har spela saman ved fleire høve, både som duo og i lag med andre musikarar.
Carstensen er for tida aktuell som moromann og frontfigur i bandet Farmers Market. Musikken er ein blanding av bulgarsk folkemusikk, jazz, rock, metall, bluegrass, norsk folkemusikk og ein rekke andre stilar. Carstensen er også multiinstrumentalist og spelar trekkspill, gitar, banjo, og skriv låtar - for å nemne noko.

Musikken til dei reisande i Noreg er ein del av vår folkemusikktradisjon. Jørn Hilme-stemnet har som målsetting å gjera den norske folkemusikken tilgjengeleg for eit breiare publikum, og syns difor det er spannande å kunne presentere duoen i årets program.